Trude Teige

TrudeTeigeTrude Teige er utdannet oversetter og journalist. Hun har jobbet som politisk reporter, nyhetsanker og programleder i TV2 siden starten i 1992.  Fra januar 2008 har Trude Teige vært programleder av debattprogrammet Tabloid på TV 2. Hun ble tildelt Kringkastningsprisen i 2008. I 2002 debuterte hun med den historiske romanen «Havet syng», oppfølgeren «Lene seg mot vinden» kom to år senere. De to første krimromanene om TV-journalisten Kajsa Coren – «Noen vet» i 2009 og «En hjelpende hånd» i 2010 – fikk begge en flott mottakelse og vant mange lesere.

 

 Bli kjent med Trude Teige:

1. Hvem er du?

Trebarnsmor, journalist og forfattar. I den rekkefølgjen!

2. Hvorfor skriver du?

Å skrive er blitt eit behov, har eg innsett. Det er hardt arbeid, mange timar med slit og til tider frustrasjon, men når eg kjem inn i “flytsonen” blir eg rett og slett eit lukkeleg menneske. I det “rommet” er det berre meg, det er eg som skaper mitt eige univers, og eg opplever det som godt å vere i Kajsa Corens liv. Dessutan prøver eg å bruke krimsjangeren til å skrive om noko som eg meiner er viktig, belyse tema som opptar meg, som til dømes barneheimsskandalen i “Noen vet”, eldreomsorg i “En hjelpende hånd” og no sist: tyskerjentene i “Svik”

3. Hvilken bok er den beste du har skrevet?

Det synest eg er umogeleg å svare på, det må lesarane vurdere.

4. Hva skriver du nå?

No har eg tre heilt ulike bøker på “tenke, skrive litt”-stadiet. Den eine er ei ny bok om Kajsa Coren. Dei to andre er heilt andre sjangarar og eg anar ikkje om eg får det til. Eg er slik skapt at eg stadig må prøve på noko eg ikkje har gjort før. Får eg det ikkje til, så har eg i det minste prøvd.

5. Hva drømmer du om?

At mange skal ha glede av å lese den boka “Svik,“ få ei spennande leseoppleving, men også noko å tenke på i forhold til norsk krigshistorie. Og så drøymer eg om å kanskje klare å skrive ei bok til …

#vidarhandersen